G-sport cup/VM i fotball, turneringa som kombinerer leik og moro, sosial ballaktivitet i Skulestadmoen, og ein kjempebankett på Løno, vert arrangert .for bedrifter, venegjengar, mix-lag og fotballforeldre. På bana stiller ein med 4 utespelarar pluss ein keeper.
Ingen lag er for store, ingen lag er for små, ingen lag er for dårlege heller, så ver med på moroa de %F2g! De har garantert mykje å snakka om i vekene etter turneringa%85.
Pris pr lag er kr 1800,- Det inkluderer fotballaktivitet og bankett m/mat og levande musikk for inntil 10 personarJ
Invitasjon til cupen vert sendt ut i neste veke, samt at det kjem lysing i Hordaland. Det er med andre ord berre å setja i gang med å tromma i hop mannskap, og finna eit klingande namn på laget.
Påmeldingsfristen er 20.august. Vent likevel ikkje for lenge, då det i år har kome fleire tidleg-påmelde lag.
I fjor var det ein auke i påmeldinga. Meld på i god tid, så er de sikre på å koma med. ”Fyrstemann til mølla-prinsippet” gjeld, dersom banekapasiteten seier stopp.
Dersom du allereie vil melde på, eller lurar på noko ta kontakt med turneringshøvding Terje Mørkve ( tmoerkve@broadpark.no)