DETTE ER ØRNAR
Skipa 5. mars 1922. IL Ørnar held til i Skulestadmo ca. 4 km frå Vossevangen sentrum i Voss kommune. Pr 2007 har laget ca. 450 medlemmer - storparten er medlemmer under 18 år. Laget har idag grupper/ aktivitetar innan fotball, idrettsskule, langrenn og alpint. I tillegg er me tilslutta Voss Friidrett som overbygning innan friidrett.

Laget er medeigar i Varmestova i Bavallen, Sameiga Myraheisen og Årmotslia. I tillegg står me sjølve for skileikanlegg i Bavallen og ballbinge ovanfor Skulestad skule.

Kontaktpersonar for dei ulike grupper/ nemder finn du under linken "KONTAKTER" i menyen til venstre.

Det flotte fotballanlegget stod ferdig oppført i 2006 og består av stor bane, liten bane og fotballtennisbane. Fotballbaneanlegget ligg i sjølve Skulestadmo. Avkøyrsle til høgre ved COOP Prix (Nedkvitnesvegen). Ein fylgjer Nedkvitnesvegen ca. 150 meter og tek til venstre Båtskottræet).

Alpinanlegget er i Bavallen, og vegen er godt merka med skilt frå Voss sentrum.

Adressa til laget er:

IL Ørnar, Postboks 9, 5710 SKULESTADMO

Lover / vedtekter
IL Ørnar sine lover/vedtekter finn du her.

Dugnadspokalen
Treningsavgift
Medlemskontingent
Olav Rognebakke sin pokal