Langrenn

I Ørnar har langrenn vore ein av hovudgreinene sidan laget vart skipa. Mange er dei som har gode minne frå Ørnarrenet over Langedalen i farne tider, i seinare år har rennet måtta flyttast grunna snømangel og problem kring traseval. Men skigleda kan du enno møta gjennom deltaking i Ørnar, ta kontakt med Lars Erik Noreng Giljarhus (97773887 ) om du ønskjer å veta meir om kva langrennsgruppa driv med.

For ungdommen frå 13 år og oppover til senioralder er laget med i satsinga til Vossalangrenn.